Anskaffelsesprosessen steg for steg

Avklare behov og forberede konkurransen

Utfordring og løysinga i dag

Ei god beskriving av utfordringa og løysinga i dag legg grunnlaget for sentrale avgjerder seinare i anskaffingsprosessen.

Formålet med beskrivinga er å avdekke gapet mellom utfordringsbildet og moglegheitene i den eksisterande løysinga. Gapet som blir avdekt, er grunnlaget for det påfølgande arbeidet med å formulere formål, mål, suksesskriterium og måleindikatorar for anskaffinga.

Du vil erfare at tida du legg ned i eit grundig arbeid her, blir tent inn med god margin seinare i prosessen.

Start med å beskrive utfordringane med eksisterande løysing og kvifor du meiner at ei anskaffing må vurderast.

Typiske utfordringar som gir behov for handling
  • Kontraktsperioden på eit produkt eller ei teneste er i ferd med å gå ut
  • Det er ikkje inngått avtale på eit område det viser seg at verksemda har behov for ytingar
  • Endringar i lov og forskrift som krev nye eller oppdaterte tenester
  • Omorganisering og/eller nye oppgåver
  • Budsjettendringar
  • Politiske vedtak, for eksempel utbygging eller innføring av IKT-løysingar
  • Nye miljømål som skal nåast
  • Slitasje/pensjonsalder for eksisterande løysing

Det kan vere relevant å hente inn tilgjengeleg statistikk for behovet frå leverandørreskontro, bestillingsløysing eller liknande for å få eit bilde av talet på leverandørar de handlar frå, kva de kjøper, kven som kjøper og så vidare.

Beskriv både eksisterande løysing og kva som eventuelt er ei ny utfordring de ikkje har ei løysing på i dag.

Beskriv utfordringsbildet

  1. Start med å beskrive kva utfordringa er; kva løysingar blir brukte i dag, kva slags erfaring og kva manglar finst med eksisterande løysing og kvifor meiner du at ei anskaffing må vurderast.  Eventuelt kva har de inga løysing på i dag?
  2. Gjer så ei kort vurdering av korleis utfordringsbildet blir dersom verksemda ikkje gjer noko. Vil det bli eit gap mellom utfordring og framtidig situasjon dersom verksemda ikkje gjer noko? Formålet er å få ei tidleg vurdering av om dette er ei utfordring som må løysast eller om ho kan prioriterast ned.
  3. Beskriv til slutt eventuelle rammer og avhengnader for utfordringa. Ligg det føre spesielle forhold knytte til for eksempel økonomi, tidspunkt for realisering, grensesnitt mot andre løysingar og/eller verksemder eller andre leverandørforhold, må dette beskrivast.
Oppdatert: 14. februar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.