Konkurranse - leige av eigedom

Stega i ein konkurranse for å inngå ein leigekontrakt.

Publisert: 27. Apr 2018, Sist endret: 24. okt 2018

Lov og forskrift om offentlege anskaffingar gjeld ikkje inngåing av leigekontraktar for eksisterande lokale og bygg . Dette gir oppdragsgivar ein større fleksibilitet enn ved vanlege anskaffingar. Vi anbefaler likevel at oppdragsgivar overheld dei grunnleggande krava i anskaffingslova.

Lova krev at leigetakar må

  • Opptre i samsvar med god forretningsskikk
  • Sikre at det ikkje skjer forskjellsbehandling mellom leverandørar, t.d. slik at det vert gitt ulik informasjon til dei forskjellige leverandørane
  • Sikre konkurranse ved å avklare kva alternative leigeobjekt som finst i den aktuelle marknaden
  • Sikre førehandsvisse («forutberegnelighet») ved at ein ikkje kjem med nye krav eller legg vekt på andre forhold enn dei som kjem fram av den informasjonen som er gitt i annonsar, konkurransegrunnlag og under forhandlingar
  • Sikre at prosessen er gjennomsiktig og kan etterprøvast ved å føre protokoll fortløpande
  • Selje utleigarar og tilbod på grunnlag av objektive og ikkje-diskriminerande kriterium

Maler og verktøy

Det er ei rekke måtar å gjennomføre konkurransen på, men Difi har laga ei dokumentpakke som består av malar og verktøy for:

  • Annonse
  • Konkurransegrunnlag (konkurransereglar, kravspesifikasjon og kontraktsvilkår)
  • Protokoll
  • Miljøkrav og -kriterium

Dette skal bidra til å sikre at dei grunnleggande krava vert overhaldne og at du får ein balansert leigekontrakt med riktig kravspesifikasjon.

På sidene under vil du finne informasjon om dei ulike stadia i prosessen fram mot inngåing av leigekontrakt. Du vil også finne rettleiing om korleis du kan bruke Difis dokumentpakke for leige av eigedom og døme på korleis andre offentlege verksemder har gjennomført konkurransar om leige av lokale og bygg.

Deldette

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*