Universell utforming – krav i offentlege anskaffingar

Universell utforming dreier seg om utforming og tilrettelegging av omgjevnadene for å fremme like moglegheiter for alle personar i samfunnet. Anskaffingslova krev at det skal tas omsyn til universell utforming ved anskaffingar.

Publisert: 22. des 2016, Sist endra: 04. jul 2018

Ved offentlege anskaffingar er det plikt til å ta omsyn til universell utforming for ytingar som skal brukast av personar, anten ålmenta eller tilsette hos oppdragsgivar, med mindre det er særlege grunnar til unntak. Viss plikta er regulert i lov eller forskrift, skal det visast til denne.

Dette kan gjerast gjennom

  • utforming av kravspesifikasjon ved å vise til relevante lov- og forskriftsbestemmingar
  • krav til tilbydar sine kvalifikasjonar ved å krevje at det vert lagt fram attestar som viser at tilbydar oppfyller kvalitetssikringsstandardar om universell utforming

Generelt om krav og lenke til regelverk som omhandlar universell utforming, på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets nettsider.

IKT

Sjå krav til IKT-løysingar, der hovudregelen er at dei skal vere universelt utforma, på nettsidene til Tilsyn for universell utforming av IKT.

Bygg- og anlegg

Regelverket for bygg som handlar om krav til universell utforming: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova). Lova set krav til medverknad, kontroll og tilsyn. Prinsippet om universell utforming er nedfelt i føremålsparagrafen i lova (§1-1).

Loven vert utdjupa i forskrift om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift) (TEK 10). Tilgjenge og universell utforming er tatt inn i fleire kapittel, til dømes når det gjeld uteareal, tilkomst, inngangsparti, planløysing og utforming av rom i byggverk. Sjå rettleiing til TEK.

Sjå meir om universell utforming og planlegging etter plan- og bygningslova på nettsidene til regjeringa.

Standardar

Les om standardar for universell utforming på Standard Norges nettsider.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*